Arne Kongsmåg Ivarsson på Ståreim
Lendmann.
Gift |
Ingrid Ragnvaldsdotter.
Dronning.
Født mellom 1105 og 1110. Død etter 1161. |
||
Margreta Arnesdatter Ståreim. |
Lendmann.
Levde 1162.
Fra Mogens Bugges «Våre forfedre»:
«Arne Kongsmåg Ivarsson på Stovreim var stamfar til Stovreim-ætten.
Han var lendmann hos kong Inge Bårdsson 1156 og hos kong Magnus
Erlingsson 1162.
Arne giftet seg ca. 1147 med Ingrid Ragnvaldsdotter.
Arne var av Tjotta-ætten. Det er god grunn til å anta at han var sønn til Ivar
Sunesson, vel sønn til Sune Ivarsson (svensk høvding knyttet til Norge bl.a. som sønnensønn
til den Sigtryg i Nerike som Olav den Hellige søkte tilflukt hos i 1029) og Astrid Agmundsdatter.
Hennes far, Agmun Ormsson, rømte til Sverige og var sønn til Orm Eilivsson († ca. 1060, jarl på
Opplandene), dattersønns sønn til Haakon Ladejarl og gift med Sigrid, Finn Arnessons datter.»
1
Fra norsk Wikipedia og
Lars Løbergs «Karen Iversdatter og Henrik Ugerups norske forfedre med hovedvekt på
perioden 1200-1571»:
«Arne Kongsmåg var lendmann med sete på Ståreim i Nordfjord.
Han var den svenske kongsdatteren Ingerid Ragnvaldsdotters fjerde ektemann.
Hun hadde tidligere vært gift med
Henrik Skadelår († 1134),
kong Harald Gille († 1136) og
Ottar Birting († ca. 1146),
og var mor blant annet til
Magnus Henriksson, svensk tronkrever,
kong Inge Krokrygg og
Orm Ivarsson Kongsbror.
Arne og Ingerid hadde barna:
Inger,
Nikolas Arnesson (* ca. 1150), biskop av Oslo 1190-1225,
Filippus i Heerdla († 1180) og
Margrete Arnesdatter, gift 1. gang med Bjørn Bukk († 1179 og
2. gang med Simon Kåresson († 1189).
Baglerkongen Filippus Simonsson var deres dattersønn.»
2
«Ættesambandet Stårheim – Orre på Jæren i mellomalderen.
Arne (Kongsmåg) Ivarson på Stårheim vert rekna å væra stamfar til Stårheimsætta.
Han var lendmann hos kong Inge Krokrygg i 1155 og seinare hos kong Magnus Erlingson i
1162.
Arne Ivarson var av Thjotta-ætta, son til Ivar Suneson, son til Sune Ivarson, svensk
høvding, gift med Astrid Agmundsdotter. Far hennar Agmund Ormson rømte til Sverige. Han
var son av Orm Eivilvson († ca. 1060), jarl på Opplandene, gift med Sigrid, Finn Arneson si
dotter.
Arne Kongsmåg var stor jordeigar i Sogn og Fjordane på den tida. Våpenmerket hans var ei oppreist løve med fuglekropp til frampart, den såkalla griffen.
Kring 1147 vart Arne Kongsmåg gift med dronning Ingrid (* ca. 1115) i Vestergøtland i
Sverige. Ho var dotter til Ragnvald Ingeson «Knapphøvde», underkonge i Vestergøtland.
Systera Margretha Ingesdotter «Fredkulla» var gift med kong Magnus Barfot. Ragnvalds og
Margrethas far var Inge I den Eldre Stenkilsson av Sverige.
Dronning Ingrid hadde ætteband attende til dei gamle svenske og norske
kongerekker, i rett line til Harald Hårfagre og Astrid Dagsdotter, dotter til Dag Ringson på
Ringriket på 800-talet. Ho var gift heile fire gonger.
1. gong gift med Heinrek Skatelår († 1134).
2. gong gift med kong Harald Gille, konge 1130-1136.
Med han hadde ho sonen kong Inge Krokrygg, 1136-1159 († 1161).
3. gong gift med lendmann Ottar Birting.
4. gong gift med Arne Ivarson (Arne Kongsmåg), Stårheim.
Med Arne Ivarson hadde dronning Ingrid desse borna:
a) Filippus Arneson i Herdla, gift med Rannveig Munansdotter.
b) Nikolas Arneson, biskop i Oslo, baglerhøvding († 1225).
c) Margretha Arnesdotter.
Margretha var gift 1. gong med Bjørn Bukk, systerson til Erling Skakke, Etne. Bjørn
Bukk falt i 1179, slaget på Kalvskinnet ved Nidaros.
Margretha vart oppattgift med kuvlung- og varbelghøvdingen Simon Kåreson, son av
Kåre frå Orre på Jæren (Olru-Kåre). I fylgje ei dansk kjelde var han ein særs rik og høgætta
mann. Orre er nabogard til Reve på Jæren.
Med Simon Kåreson hadde Margretha Arnesdotter desse borna:
a) Filippus Simonson (Filippus Baglerkonge) († 1217).
b) Andres Simonson († 1218).
Etter slaget ved Tristein (Hvaler) i ytre Oslofjorden sumaren 1190, der baglerleidaren
Simon Kåreson falt, vart Margretha enkje for andre gong. Ho satt att med to mindreårige
søner, Filippus og Andres. Gutane levde dei fyrste barneåra i dagleg samvær med morbroren
Nikolas på Stårheim. Han sat nemleg med Stårheimsgodset til han døydde i 1225. Det var i
denne tida han tok til seg Arnbjørn Jonson, son til lendmann Jon Gautson av Ænes, og gjorde
guten til fostersonen sin. Arnbjørn Jonson var bror til Askel Jonson som var biskop i Stavanger
frå 1226-1254.
Då bispesetet i Stavanger vart ledig i 1189, innstilte domkapitlet Nikolas Arneson til
biskop. Men kong Sverre som no etter slaget ved Fimreite i juni 1184, der kong Magnus
Erlingson falt, vart einekonge, nekta plent å godkjenna valet.
I staden vart Nikolas utnemnd til biskop i Oslo. Truleg tok han alle tre gutane med seg
til Oslo, då han hadde teke over bispedømet der i 1190. Krigen gjekk sin gong med skiftande
lukke for båe partane. Oppreistflokk sto mot oppreistflokk, kongsemne mot kongsemne i strid
om trona. Det var ein av fleire borgarkrigar som øyda landet på denne tida, og vara inn på 70
år. Fyrst i 1240 fekk landet endeleg fred.
Oslobispen Nikolas stifta i 1196 baglerpartiet (av latin "baculus", bispestav).
Bispepartiet vil vel vera det rette namnet no til dags. Kong Sverre måtte kjempa heile resten
av sitt liv mot baglerpartiet. I juni 1204 kom kong Valdemar (Seier) frå Danmark til Tunsberg
med ein flåte på 360 skip. Med seg hadde han Filippus Simonsen, systerson til bisp Nikolas.
Valdemar gjekk med på at Filippus skulle verta førar for baglane. Den gamle avtalen med
danskekongen om lensherrerett over jarledømet på Austlandet (Viken) vart fornya med Filippus
til jarl. Avtalen hadde same innhald som tilsvarande avtale med Erling Skakke i 1170.
Valdemar reiste så heim att til Danmark. Han let etter seg 35 skip og noko krigsutstyr. Til pant
for at avtalen vart halden tok Valdemar med nokre gode menn til gislar. Ein av dei var Andres
til Stårheim, bror til Filippus.
Filippus fekk kongsnamn av baglane ("Filippus Baglerkonge") på Borgarting
(Sarpsborg) våren 1207. Han gjorde forlik med kong Inge Bårdson (1204-1217) på Kvitsøy i
1208, og vart godkjent som underkonge på Austlandet. Grensa for jarledømet hans vart sett
på forliksmøtet på Kvitsøy. Den gjekk til Rygjarbit (Gjernestangen) i vest og til Svinesund i sør.
Båhuslen (Ranrike) var ikkje med. Filippus nekta samtidig å gje frå seg kongsegelet og held
fast på kongenamnet all si tid. Eldste orginalbrev som enno er funne etter kongar her i landet
er frå Filippus til bøndene i Mossedalen. Der kallar han seg konge.
Framtidsvonene for Stårheim-Orreætta måtte no synast svært lyse. I 1209 vart Filippus
gift med Kristin, dotter til kong Sverre og dronning Margreta frå Sverige. Bryllaupet stod med
stor stas i Oslo, men lukka vart kortvarig. Kristin døydde på barselseng alt i 1213, og barnet
kort tid etter mora. Filippus døydde på sotteseng i Tunsberg i juli 1217, barnlaus. Same år
døydde kong Inge Bårdson.
Andres Simonson laut som sagt fylgja med kong Valdemar som gissel for semja i
Tunsberg i 1204. Han hadde halde seg i Danmark heilt til Valdemar godkjende fredsavtalen
på Kvitsøy (1208). No kom Andres heim att og fekk Tunsbergsysla under bror sin. Andres drog
no straks fram minnet om at byfolket i Tunsberg i 1190 hadde drepe far hans ved Tristein. Han
reiste sak mot førarane for Tunsbergmennene den gongen og kravde bøter for far sin. Filippus
var og son til Simon Kåreson, men hadde aldri tenkt på noko slikt sjølv.
Han sette seg imot slik framferd. Andres laut gje seg på det. Byfolket i Tunsberg vart
svært glad i Filippus etter dette.
Andres Simonson gifte seg etter heimkomsten frå Danmark med Gudrun
Gregoriusdotter, dotter til lendmann Gregorius Jonson av Blindheimsætta på Sunnmøre.
Gregorius var son av lendmann Jon Hallkellson, som var gift med Margreta, dotter til Harald
Gille. Andres kom seinare i stor venskap med Skule Bårdson, samfedre halvbror til Inge
Bårdson, etter at broren Filippus Baglerkonge fall frå i 1217, og Skule fekk jarledømet etter
han. Fosterbror Arnbjørn Jonson held seg trufast til kong Håkon Håkonson, og vart ein av dei
fremste og mest tiltrudde lendmennene og hærførarane hans. Andres tok likevel teneste hjå
Arnbjørn, og vart hardt såra i striden mot slittungane utfor Tunsberg i februar 1218, og døydde
like etter. Før han slokna sende han eit venskapsbrev med gåver til Skule jarl. Sonen til
Andres og Gudrun heitte Gregorius Andreson den eldre. Han var odelsarving til
Stårheimsgodset etter Nikolas Arneson, og vart sveithøvding og sysselmann under kong
Håkon Håkonson (1217-1263).
Gregorius gifte seg våren 1242 i Nidaros med sjølveste kongsdottera fru Cecile
Håkonsdotter, dotter til Håkon Håkonson og Kanga den unge. Det var dotter deira som kring
1260 vart gift med Ryfylkets mektigaste mann på den tida, lendmann og baron Gaute
Erlingson på Sør-Talgje (Gaute Tolga), og vart mor til Håkon Gauteson på Reve ("Haquinus
prelatus de Rifue"), bisp Arne i Stavanger sin ombodsmann. Han døydde 04.09.1304, og
vart gravlagt i Stavanger domkirke. Gravsteinen til Håkon på Reve, truleg den styrste
mellomaldergravsteinen som er funne i Noreg, er å sjå festa til venstre vegg rett innanfor
inngongsdøra til Stavanger domkirke. Teksten på gravsteinen til Håkon på Reve er på latin.
Oversatt til norsk lyd den:
"Fødd av ei gjæv ætt ligg her Håkon gravlagd,
ein mild ombodsmann,
mot alle like mild og like velvillig."
Han døyde 4 september i det Herrens år 1304. Her skal berre til slutt nemnas at Reve
er nabogarden til Orre på Jæren. Ein kan i sanning seie at ringen Stårheim-Orre er slutta.»
3