Britt Endridsdatter
1460?-1490?
ff
Eirik Bjørnsen Taulstad/Bjølstad. Født omkring 1375. Død før 1441. |
mm
Borgylla Fredriksdatter. |
||
f
Endrid Eiriksen Bjølstad [Bratt]. Født omkring 1400. Død omkring 1460. |
m
Ingebjørg ???. Født omkring 1410. |
||
Britt Endridsdatter. Født omkring 1460. Død omkring 1490. |
Født omkring 1460.
Død omkring 1490.
De er trolig at Britt var datter til
Endrid Eiriksen Bjølstad [Bratt] (~1400 - ~1460) og
Ingebjørg (født ~1410), datter til Borgylla Fredriksdatter.
Hun var gift med Jon Andersen Kleppe, sønn til Anders Sigurdsen [List] og bror til Arne, far til Anders Arnesen Berge.
Britt nevnes bare en gang som gift med Jon og mor til Knut Jonsen i et diplom skrevet
på Bjølstad 11.03.1543 (DN X 717):
«Thedt bekiendis ieg Joenn Andersoenn med thetthe mytt
offne breff atth ieg haffwer gyffwed mynn szønn Knudt Joenszonn
eynn mynn gaard som heyther Moo och lygger y Woge presthegield
med ollom lwtom och lunnenom szom tiil thenn jord lygger och
legiidth haffwer y ffra forno och nye wthen gaards och ynnen ynthed
wndertagendis y ffraa meg och andre myne arffwinge och wnder
ffornemffdhe Knudt och hans arffwinge tiil ewerdel(i)g eygen ffry och
ffrels och aakierelous ffor hueriom manne ffor naagre penninge szom
hanom tiilsthod effther hans kiere modher Birgitthe Endreds dotther
gud hennis siel naadhe. Tiil ytthermere sannyng och bewisning her
om att same gaffwe wbrythelig holdis skal haffwer ieg tiilbedett erlige
och welfforstandige mend szom er Østhen Brath och Alff Olafson ath
hengie teris ynsygle med myth nedhen for thetthe myth offne breff
szom skreffwed wor paa Biølstad y Hedal kiere søndag anno dominj
m d xliij»
Tillegg: Bagpaa, meget yngre: Joen Moe
Sammendrag:
Jon Anderssön erkjender, at han har givet sin Gaard Mo i Vaage
Prestegjeld til sin Sön Knut Jonssön for nogle ham tilkommende
Penge efter hans Moder Birgitte Endridsdatter.
Kilde:
Efter Orig. p. Perg. i norske Rigsarkiv. Alle Segl afklippede.
Ivar Kleiven har i sin korte gjennomdgang av List-ætta på Kleppe nevnt at
«Han Jo [Kleppe] va tvo Gongo gjift, fyste Kjeringje heitte Brit (Berget) Endresdotter
og de er mykjy trule, at ho va syster hans Gottorm Endresson Bratt på Bjølsta».
Fra Engebret Hougens «Ættesoge for Gudbrandsdalen», bind II (1968), side 80-81:
«Brit Eindridsdotter Bjølstad (Bratt), f. ikring 1450, som elles ser ut til å vera i tidlegaste
laget. Det er mogleg ho er fødd noko seinare, pålag 1460, men ho kan óg ha vorte seint gift.
Er ho fødd sist i 1450-årom, kan det vera tvil om Ingeborg var mor hennar. På den andre sida
er det ikkje gjete at Eindrid skulle ha vore gift to gonger. Brit vart gift ikring 1480 med Jon
Andersson (List) på Kleppe. I den tida var det ein gard. Brit døydde etter eit stutt ekteskap,
føre 1490?, og Jon gifta seg oppatt med ei som heitte Aagot. Han var son åt Anders
Sjugurdsson (List) på Kleppe. Jon hadde ein son i kvart gifte, Knut Kleppe, og Anders
Bjørnstad. Eg skal gjera merksam på at det ingen stad står at Brit Eindridsdotter var dotter åt
Eindrid Eiriksson, men det er snautt tvil at det er rett, slik som Ivar Kleiven har sagt. Ho er
berre nemnt ein gong, og det lenge etter ho gjekk bort. 11. mars 1543 på Bjølstad, vedgår Jon
Andersson at han har gjeve sonen sin, Knut Jonsson garden Mo på Vågå for nokre pengar
han hadde til gode etter si avlidne mor Bigitte Eindridsdotter. På dette sette Øystein Bratt og
Alv Olavsson segla sine. Bakpå er det skrive med ei mykje yngre hand: Jon Mo. Dette at
diplomet er skrive på Bjølstad og at det står at Jon vedgår (erkjenner), likeeins at Øystein Bratt
er vitne, syner klårt at han som morbrorson åt guten har teke seg av spørsmålet om
morsarven, særleg når ein tek omsyn til dei særlege hugdrag i List-ætta i gamal tid. "Mennene
på Kleppe møter jevnlig på tinget tiltalt både for selvtekt og drap, men Bjølstadmannen sitter i
lagretten og dømmer! Så reint gale var det no ikkje, men dei var stridbare og pengekjære i
List-ætta, og mang ein gong hardvorne.»
Fra Jakob Skjedvoll: «Den eldre Bjølstadslekta»:
«Brit Eindridsdotter som gifta seg til Kleppe, har vore nemnt som syster til Guttorm
Eindridsson. Ivar Kleiven har i sin stutte gjennomgang av List-ætta på Kleppe nemnt at "Han
Jo [Kleppe] va tvo Gongo gjift, fyste Kjeringje heitte Brit (Berget) Endresdotter og de er mykjy
trule, at ho va syster hans Gottorm Endresson Bratt på Bjølsta". Kva Ivar Kleiven bygde dette
på, går ikkje klårt fram, men det kan vera mogleg at han i tillegg til dei skriftlege kjeldene han
har hatt, også kan ha bygt på munnleg tradisjon. Slik tradisjon er usikker, men kan ha ei
kjerne av sanning. Engbret Hougen drøfter dette grundigare og kjem til same resultat. Eg har
ikkje nemnande å leggje til drøftinga hans. Brit Eindridsdotter er nemnt berre ein gong, og da ei
god tid etter at ho var død. I eit brev sett opp på Bjølstad 11.03.1543 vart det kunngjort:
"Thedt bekiendis ieg Joenn Andersoenn med thetthe mytt offne breff atth ieg haffwer gyffwed
mynn szønn Knudt Joenszonn eynn mynn gaard som heyther Moo och lygger y Woge
presthegield --- ffor naagre penninge szom hanom tiilsthod effther hans kiere modher Birgitthe
Endreds dotther" (DN X 717). Eystein Bratt og Alv Olavsson var vitne. Engebret Hougen
tolkar dette slik at Eystein Bratt har vore med for å sikre interessene til sonen til farsystera si;
formuleringane i brevet kan kanskje også tolkas slik at det var etter påtrykk at Jon Andersson
gav Mo til sonen av fyrste ekteskap. Eg tykkjer det er ei rimeleg tolking at dette fortel om
slektskap. Det er ellers vanskeleg å sjå kvifor brevet ikkje er skrive på Kleppe, og
Bjølstadfolket hadde sjølvsagt motiv for å sikre interessene til Knut Jonsson, som var av deira
folk, overfor halvsysken i andre ekteskapet til Jon Andersson. Å ta med slektningar til sonen
som vitne ville vera ein normal framgangsmåte også for Jon Andersson for å sikre seg mot
framtidige tvistar; ein treng ikkje forutsetja eit særlig grisk sinnelag hjå Kleppefolket som
grunnlag for denne framgangsmåten, slik Hougen, med støtte av Yngvar Hauge tidlegare, har
gjort. Ein skal her også leggje merke til at Kleppemennene Jon Andersson og Anders
Arnesson var på Bjølstad da dei skifta jorda si i 1518 (DN VIII 495), med både Guttorm
Eindridsson og sonen Eystein Guttormsson som vitne, saman med Per Arnesson og Arne
Vigleiksson (på Serle). Det kunne også i dette tilfellet synast naturleg for Jon Andersson å ha
med slektningana til sonen frå fyrste ekteskap som medunderskrivarar for å sikre seg mot
seinare ivistar. Eg meiner óg at namn og stand kan tala for at Brit var frå Bjølstad. Eindrid er eit
sjeldan namn og det kan ikkje ha vore mange Brit Eindridsdotter som kunne vera aktuelle,
særleg ikkje for giftarmål innan den høgare jordeigarklassen som folket på både Bjølstad og
Kleppe tilhøyrde.
Engebret Hougen har nemnt at Brit i tilfelle kanskje kan ha hatt ei anna mor enn
Ingeborg, men at ingenting om det er kjent. Så skrint som kjeldegrunnlaget er, kan Eindrid
Eiriksson godt ha vore gift meir enn ein gong utan at opplysningar om det har overlevt til våre
dagar, slik at Ingeborg ikkje var mor til Brit, men aldersmessig skulle det ikkje vera noko til
hinder for at Brit var heilsyster til Guttorm. Den kjende sonen til Brit Eindridsdotter på Kleppe lyt
vera fødd på 1480-talet og ut frå den sannsynlege alderen til Ingeborg som eg har drøfta
ovanfor, er det godt mogleg at Brit kan vara fødd så seint som 1460 som dottar hennar. Ho må
vera avliden seinast omlag 1490.»
1