Synnøve Ivarsdatter Sandbu
1510?-1585?

ff
Gunnar Ivarsen Sandbu. Født omkring 1412 på Sandbu, Vågå (OP). Død omkring 1495 på Sør-Sandbu, Sandbu, Vågå (OP).
  mf
Paal Amundsen Alme/Bø. Død omkring 1480.
mm
Gjertrud Steinarsdatter . Død omkring 1500.
f
Ivar Gunnarsen Sandbu. Født omkring 1445 på Sør-Sandbu, Sandbu, Vågå (OP). Død før 1515.
m
Karin Paalsdatter Alme. Født omkring 1445. Død omkring 1520 på Alme, Sør-Fron (OP).

Synnøve Ivarsdatter Sandbu. Født omkring 1510 på Uppigard Søre, Sør-Sandbu, Vågå (OP). Død omkring 1585 på Uppigard Søre, Sør-Sandbu, Vågå (OP).
Gift AasmundHarildstad. Født omkring 1500 på Harildstad, Kvikne, Nord-Fron (OP).
Ivar Aasmundsen Sandbu. Født omkring 1544 på Harildstad, Kvikne, Nord-Fron (OP).
Død omkring 1634 på Uppigard Søre, Sør-Sandbu, Vågå (OP).

Biografi - Biography

Født omkring 1510 på Uppigard Søre, Sør-Sandbu, Vågå (OP).
Død omkring 1585 på Uppigard Søre, Sør-Sandbu, Vågå (OP).

    Synnøve var datter til Ivar Gunnarsen Sandbu (~1445 - <1515) og
                                         Karin Paalsdatter Alme (~1445 - ~1520).

    Hun overtok sammen med sin mann Uppigard, Sør-Sandbu.

    Synnøve og Aasmund hadde følgende barn (minst):
Ca. 1542: Tjøstolv, døde ca. 1622 på Nørstegard.
Ca. 1544: Ivar, gift med Rønnaug Sjursdatter, døde i 1634 på Harildstad.
Nils, til Bjørke, antagelig Sygard, hadde kun en datter, døde tidlig, men etter 1588.
Ca. 1545: Anne (kalles Kari i 1588), til Nørstegard, senere Røysheim i Lom, enke i 1598.

    Det var neppe noen andre enn barna til Aasmund og Synnøve som eide mer i Gudbrandsdalen.

    Overlærer Per Berg, Hamar, skriver i N.S.T. XV (1955-56), side 76ff.:
    «I N.S.T. XII, s. 225 ff., har Engebret Hougen "Nogen nye opplysninger om bondearistokratiet i Gudbrandsdalen", og kjem her fram til mange forvitnelege slutningar. Det viser seg at ikkje alle desse held når dei vert nøgjare saumfare. Seinare, XII, s. 409, legg hr. Hougen fram eit jordskifte, halde på Steig 1. april 1588. Desse to artiklane høyrer for ein del saman, men når ein her er så fri fyrst å gå gjenom dette jordskiftet på Steig ein gong til, så er det fordi det ser ut til å ha vore 2 skifter, og dessutan finst det fleire kjelder som kan nyttast til å fylle ut der ein er på usikker grunn.
    Etter skifteforliket, som ligg i Norsk Kjeldeskiftinstitutt, var jordeiga som vart skifta, 44 huder 4½ skinn (ikkje 2½ skinn), og det er truleg største jordeiga som har vore skifta på ein gong i Gudbrandsdalen. Jordi, som hadde vore eige til Gjesling-ætti på Sandbu i Vågå i minst to ættleder før, vart nå delt millom etterslekti av dei tre systrene: Synnøve Ivarsdotter Sandbu, Gunhild Torsteinsdotter Nørstegard og ei syster som ikkje er namngjevi.
    Synnøve Sandbu var gift med Amund Harildstad og hadde 4 born: Nils, Tjøstolv og Ivar, og dotteri Anne. (I skiftet i 1588 heiter ho Kari, men sidan står ho i eit anna skifte, og dessutan i eit anna skriv, skrivi for Anne, så det er visstnok det rette navnet.)
    Gunhild Nørstegard på Fron var vel ugift, eller iallfall utan born. Ho nemnest i skattelister frå 1557 og 1560.
    Den systeri som ikkje er namngjevi, hadde ei dotter Giøde (Gyda) Torgeirsdotter - gift med Tore Gyrdsson og budde på Alme på Fron.
     Borni på Sandbu arva både mori og Gunhild Nørstegard, eller 2/3 av jordeiga. På deira lott fall: Bjørke på Fron, 5 huder, Nørstegard, Fron, 6 huder, Sandbu, Vågå, 3½ hud, Øy, Vågå, 3 huder, Holen, Fron, 1 hud, Lykre, Skjåk, 3 huder, Reinshus, Fron, ½ hud, Galde, Lom, 2½ hud, Lund, Skjåk, ½ hud, Røssem (Røysheim i Lom) 7 skinn, Høystad, Ringebu, ½ hud, Suleim, Lom, 2 huder, og Hånsnar, Skjåk, 1½ hud = 29 huder 7 skinn.
    Gyda Torgeirsdotter fekk: Alme, Fron, 5 huder, Heggen, Fron, 1 hud, Kvåle, Skjåk, 1½ hud, Kvitrud, Ringebu, 9 skinn, Bakke, Ringebu?, 2 huder, Refsholen og Grevelstad, 4½ skinn, og Røssem (Røysheim) 2 skinn = 14 huder 9½ skinn.
    Ein kunne kanskje ha venta at jordegodset ikkje hadde vorte delt akkurat i tre like delar, sidan systrene ikkje hadde same faren, - eller at det hadde vore skilt millom farsarv og morsarv, - men det er et anna spørsmål. Her vil ein berre ta for seg den jordi som vart skifta. I Hånsnar, eller Hansener som det den tid var skrivi, fekk kvar ein part på 1½ hud. Garden var riktignok den gongen på 3 huder, så det kunne nok passe, men dette høyrer visstnok med til det som seinare er brigda [endret]. I skiftebrevet frå 1588 står namnet så utydeleg skrivi at ein godt kan lesa det for Harsem, slik som Hougen og har gjort. Men Harsem var ein gard på 1½ hud, og han var nok denne tidi kyrkjegods, så det kan ikkje vera denne garden som er meint. Partar av Hånsnar finn ein seinare saman med delar av det jordegodset som fall på Gyda Torgeirsdotter.
    Sandbusborni vart ikkje så fort samde om delinga av deira lott. Det var systeri Anne som ikkje var nøgd, og som meinte at dei andre gjorde henne urett. Ho kravde fleire gonger å få sin part, og den 25. oktober 1599 stemnde ho brødrene Nils, Tjøstolv og Ivar til å møte på «Nørstegaardt Reete Arffue Thumbt». Det var noko ugreie med stemningi, men dei møtte alle godvillig på tinget på Listad. Ho tala fyrst broren Tjøstolv til fordi han hadde trengt ho bort frå Nørstegaard, - ein gard han ikkje budde på, men som ho hadde brukt i 29 år, og som ho hadde rydja og betra på det beste. Den tid ho kom der, da ville ingen av brødrene ha garden på sin lott eller anpart, men nå hadde ho med folk og fe og buhave måttet dra opp i vilden skog og mark, og hadde ved det lidd stor skade. Ho tale han og til for ei hud i Nørstegard, - ei hud ho i si tid hadde kjøpt av morsysteri. Til alt dette svara Tjøstolv, at det var ikkje skjedd henne nokon urett. Han hadde kravd systkini inn til rett deling laurdagen nest etter St. Micheli 1597, og da hadde 6 huder i Nørstegard fulle på han. Da Anna ikkje ville flytja godviljug, hadde han lote stemnt på åsetet, og ved ein 6 mannsdom 4. mars 1598 vart åsetet dømt til honom, sidan han var bror og største eigaren i Nørstegard, og stødt hadde site på øygardar og utjorder og ikkje havt noko hovedbøle til åsete. Om rydjingi og byggingi som Anna tala om, meinte han det heller var omvendt, - ho hadde ikkje på langt nær gjort åbud til fyldest slik som ho burde ha gjort etter så mange år. Ei synsnemnd på 6 mann hadde sett over garden 10. august 1598, og det brevet som nemnda hadde sett opp om oversynet, vart lagt fram. Om den hudi som Anne hadde kjøpt av morsysteri, sa Tjøstolv at ho fyrst skulle ha vore bydd fram til brødrene, som hadde større odelsrett enn Anne. Ho skulle få att dei pengane ho hadde lagt ut for hudi, - det var og sagt frå om det i 6 mannsdommen.
    Anne hadde dinest stemnt alle tre brødrene for å få sin rette lott og del i jordegodset etter foreldri. Det var gode jorder til, men ho måtte ikkje få noko av dei. Brødrene svara at dei ofte hadde bydd henne skifte, men til dessar hadde ho ikkje sammtykt i noko av det som hadde vore bydd henne. Etter skiftet i 1597 skulle Anne ha 2 huder 1½ skinn. Dei hadde bydd henne 2 huder i Øy, - der ho ville få råde over bygselen av 3 huder, eller 2 huder i Lykre, der det og var bygsel av 3 huder. Sidan hadde dei bydd henne 2 huder i Galde og ½ hud i Lund, men ho var ikkje nøgd med noko av dette.
    Nå vart jordegodset rekna opp på nytt:
    Etter faren arva dei 2 huder i Harildstad.
    Etter mori: Bjørke 5 huder, Suleim 2 huder, Lykre 3 huder, Øy 3 huder, Kvitrud ½ hud, Lund ½ hud og i Reinshus 1½ skinn.
    Etter morsysteri: Nørstegard 6 huder, Sandbu 3½ hud, Galde 2 huder, Holen 1 hud, Høystad ½ hud, Røsheim 9 skinn og i Reinshus 4½ skinn.
    I mors og farsarv vart det på kvar bror 4 huder 7 skinn, og på systeri 2 huder 3½ skinn. Etter lang "kurdering" og mykje prat vart dei så endeleg samde: Anne skulle få att pengane for den hudi ho hadde kjøpt av morsysteri i Nørstegard, og av jordegods fekk ho 2 huder i Suleim i Lom og 3½ skinn i "Røissem der sammesteds".
    Av dette forliket ser ein:
    1. Skiftet i 1588 er brigda [endret]. Fra parten til Sandbuborni er det kome bort 1½ hud i Hånsnar og ½ hud i Galde. Frå Gyda Torgeirsdotters part er det kome att 6 skinn i Kvitrud og 2 skinn i Røisheim. Ein har vel lov til å gå ut frå at jordi framleis er delt i tre like partar, - kvar part på 14 huder 1½ skinn, mot for 14 huder 9½ skinn i 1588.
    2. Anne Amundsdotter får ingen arv etter morsysteri Gunhild. Denne må da ha levd lengst av dei tre systrene. Hadde Synnøve Sandbu levd lengst og såleids arva systeri Gunhild, ville Anne og ha fått sin part av denne arven som morsarv. Arvingane etter Gunhild vert nå borni på Sandbu og Gyda Torgeirsdotter. Men etter arvetalen (jfr. Spangen, N.S.T. XII, s. 341) kjem systersøner i arvegruppe 16, medan systerdøtre kjem i arvegruppe 17. Det vart såleis ingen lott korkje på Anne Amundsdatter eller på Gyda Torgeirsdotter.
    3. Dei 9 skinn i Røisem ser ut til å gjelde Røysheim i Lom og ikkje Røssem i Kvam. (XII, s. 410.) Namni er nå og så like at ein lett kan ta feil. Når E. A. Thomle i I, s. 80, skriv om Ola Rasmusson Røssem: "der i alle fald var død før 17. juni 1672, da Anders Veggen 8. okt. s. å. lot oplæse Svend Andersens fuldmagt til paa hans vegne at oppebære arv efter sl. Oluf Røssum", så gjeld dette arv etter ein Oluf Røysheim i Lom og ikkje etter Ola Rasmusson Røssem i Kvam. Grunnlaget for at den halve hudi som Tore Torsteinsson Kvarberg eig i Røssum i Kvam i 1615, skulle skrive seg frå skiftet i 1588, fell med det bort (XII, s. 410). Tore Torsteinsson Kvarberg er nok av slekti Døl på Røssem, - det viser jordegodset han sit inne med, men han kan vel ikkje vera son til Anne Amundsdotter, for aldersskilnaden ser ut til å vera i minste laget. Det kan heller ikkje vera frå slekti på Harildstad eller Sandbu han har fått jordeiga si, for Amund Harildstad åtte berre to huder i Harildstad. Det er ikkje noko som tyder på så nært slektskap millom slektene Døl (Røssem), Harildstad og Sandbu som det vert slått på i XII, s. 234, eller m. a. ord:
    Synnøve Sandbu er ikkje gift med Amund Ivarsson Røssem, men med Amund Harildstad.»

    I en avskriftsbok etter Ivar Kleven er det gjengitt et diplom som ikke er kjent fra andre kilder, og som omtaler datteren Anne:
    «24 okt 1598. Hans Glad og lagret fra Ringebu og Fron paa Listad Ting i Fron, ....
    Kom udi Rette Anne Asmundsdatter og fremlagde en R. Stevning, som ho stemde Brødrene sine Nils, Tjøstel og Iver Asmunds. med til at svare te fyst, at Tjøstol som no bur paa Nørstegard, hadde trøngt ho fraa den Garden og som ho hadde budt paa i 29 Aar, rødt upp Garden, bygd og vølt um paa det bedste.
    Den tidi ho kom der, vilde ingen utav Brørom ha Nørstegaard som sin arvelot, og no lout ho med Folk og Fe og Buskap fara upp i ville Skog og Mork og lide stor Skade,
    Dette paastod Tjøstol var ikke saa og at han ikke hadde trengt ho fraa med urett, og la fram ein 6 Mans dom fraa Listad Tingstugu 8/3 98 lydandes at efterdi han Tj. var ein Bror og Besteman i forn Nørstgard og heile tide sidte før site (?) paa Øidegarde og Utgarder og ikkje nogaa Hugubøle aatte te Aasæte honom tedømt. Vidare etter di Semjun i godt Folks yviverande som er gaatt imilom dei derte at ho i Tid var lovleg tesagt, saa var Aasete honom teldømt. Og um Ryddungje og Byggingi hennar trudde han heller ho hadde let Garden øydast og forfalle og aabodt hadde ho heller ikke gjort som ho burde etter Aarmaale hennar de han prova med eit 6 Mans Brev Dagset Nørstegard 10/8 98. Likesaa førde ho Tetal aat honom for 1 Hud Skyld ho ha kjøpt av syster sin (fire søstre er med blyant skrevet til i avskriften: ? mor-) i Nørstgard og som han no vil forholde hende. Herpaa svaraa han og minde
    .... (resten er borte av denne siden. men så kommer et nytt avsnitt:)
    Saa blef her opregnit aldt der is goudtz -
  først thue huder i Harilstad efter fader derris -
    efter Moder Deris faldt alt dette efterskrevne godtz som var:
  Bjerce 5 huder, Sullem 2 huder Løkren 3 huder, Øye 3 huder, Quinderudt ½ hud.
  Lunde ½ hud Renshus ½ hud 3 skindt, og
    efter moder Søster tilfaldt Disse 3 brødre -
  først Udi Nørstegaardt 6 huder. Udi Sandbo 4½ hud. Galde 2 huder. Hollen l hudt.
   Høystad ½ hudt. udi Røisem 9 skindt, og udi Reinshus 4½ skind .t.
    Saa efter thilholt giensuar och denne Sags Legelighed Och offer de brefue som Udi rette lagdes skal forene (d. e. fornevnte) Anne Amundtzdotter igen Annamme Aff forschreffne Sine Brødre i Alle huis peninger som hun haffer giiffuidt sin Modersøster for forschrevne hudt skyldt udi Nørstegaard och efter Lang Akurdering och forhallig blev hende tilloddet efter hendes eget valg och begjæring efter fader och moder 2 hele huder 2 huder ij Sullem paa Lumb Liggendis och half fjerde schindt i Røisem der Sammestads.»

    I Norsk Historisk Kjeldeskriftinstitutt har de tatt avskrift av en protokoll over gamle diplom som Jon Harildstad har gjort istand, og der står det bl.a. dette:
    «Jens Juell statholder stevner Oluf Tjøstelsen, Hans, Amund, Peder, Jens og Mads Tjøstelsønner, Trond Aukrust på sin Hustrus vegne Karin Tjøstelsdatter og Erland Tofte paa sin hustrus vegne, alle paa Lom og Fron paa vegne av Iffuer Sandboe paa Vaage til odels- og arveskifte efter foreldrene.
Skrevet paa Akershus 20. nov. 1628. Orig. på Papir.»
    Det er de av barna til Tjøstolv som fortsatt er i live som her stevnes av hans bror, Ivar. 1

 

  1. Engebret Hougen: Ættesoge for Gudbrandsdalen bind I (1953), side 70, 102-104, 111-112, 116-121; bind II (1968), side 104-105. Per Berg: «Omkring jordskiftet på Steig 1588», N.S.T. XV (1955-56), side 76-79.

Personregister Etternavnsregister Stedsregister
Person Index Family Name Index Geographical Index
Produsert av DISGEN versjon 8.1e 2016-11-16